14 Så skildest Hasael frå Elisja og gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å overleva.»
15 Men dagen etter tok Hasael eit klede, dyppa det i vatn og pressa det mot andletet til kongen, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.
16 I det femte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda medan far hans endå styrte der.
17 Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
18 I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i Herrens auge.
19 Men for sin tenar Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda, for han hadde lova David at ei lampe alltid skulle lysa for etterkomarane hans.
20 I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.