3 Då sju år var gått, kom kvinna tilbake frå filistarlandet. Ho gjekk til kongen og trygla om å få att huset sitt og jorda si.
4 Kongen tala nett med Gehasi, tenaren til gudsmannen, og bad han fortelja om alt det store Elisja hadde gjort.
5 Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.»
6 Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han henne ein av hoffmennene sine og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet og til no.»
7 Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Ben-Hadad, aramearkongen, låg sjuk. Då det vart meldt kongen at gudsmannen var komen,
8 sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Gjennom han skal du spørja Herren om eg kjem til å overleva denne sjukdomen!»
9 Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, aramearkongen Ben-Hadad, har sendt meg til deg for å spørja om han kjem til å overleva den sjukdomen han har.»