5 Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.»
6 Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han henne ein av hoffmennene sine og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet og til no.»
7 Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Ben-Hadad, aramearkongen, låg sjuk. Då det vart meldt kongen at gudsmannen var komen,
8 sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Gjennom han skal du spørja Herren om eg kjem til å overleva denne sjukdomen!»
9 Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, aramearkongen Ben-Hadad, har sendt meg til deg for å spørja om han kjem til å overleva den sjukdomen han har.»
10 Elisja svara: «Gå og sei til kongen: Du skal få leva! Men Herren har late meg sjå at han skal døy.»
11 Gudsmannen stirte framfor seg. Andletet stivna. Og så brast han i gråt.