8 sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Gjennom han skal du spørja Herren om eg kjem til å overleva denne sjukdomen!»
9 Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, aramearkongen Ben-Hadad, har sendt meg til deg for å spørja om han kjem til å overleva den sjukdomen han har.»
10 Elisja svara: «Gå og sei til kongen: Du skal få leva! Men Herren har late meg sjå at han skal døy.»
11 Gudsmannen stirte framfor seg. Andletet stivna. Og så brast han i gråt.
12 «Kvifor græt du, min herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit at du vil gjera vondt mot israelittane. Du vil setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»
13 Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»
14 Så skildest Hasael frå Elisja og gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å overleva.»