1 Profeten Elisja kalla til seg ein av profetlæresveinane og sa: «Bind kjortelen om livet, ta med deg denne oljekrukka og gå til Ramot i Gilead!
2 Når du kjem dit, skal du finna Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji. Gå inn, få han vekk frå dei andre. Ta han med deg inn i det inste rommet!
3 Ta oljekrukka, slå olje over hovudet hans og sei: Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel. Så skal du opna døra og koma deg unna så fort du kan.»
4 Profetlæresveinen, som berre var ein unggut, drog av stad til Ramot i Gilead.
5 Då han kom dit, såg han hærførarane sitja saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar», sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar», svara han.
6 Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profetlæresveinen slo olje over hovudet hans og sa til han: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over Herrens folk, over Israel.