22 Då Joram fekk auge på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan eg koma i fredeleg ærend så lenge Jesabel, mor di, framleis driv hor og held på med alle trolldomskunstene sine?»
23 Joram snudde vogna og flykta. Han ropa til Ahasja: «Dette er svik, Ahasja!»
24 Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane så pila gjekk rett gjennom hjartet, og han seig saman i vogna.
25 Då ropa Jehu til Bidkar, våpenberaren sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisreel til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Ahab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:
26 Sanneleg, i går såg eg blodet til Nabot og sønene hans, seier Herren. Og det vil eg gje deg att for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»
27 Då Ahasja, kongen i Juda, såg dette, flykta han i retning Bet-ha-Gan. Men Jehu følgde etter han og ropa: «Han òg!» Og dei slo han ned medan han sat i vogna si, i Gur-passet ved Jibleam. Han flykta til Megiddo, og der døydde han.
28 Kongens menn køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav hos fedrane hans i Davidsbyen.