24 Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane så pila gjekk rett gjennom hjartet, og han seig saman i vogna.
25 Då ropa Jehu til Bidkar, våpenberaren sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisreel til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Ahab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:
26 Sanneleg, i går såg eg blodet til Nabot og sønene hans, seier Herren. Og det vil eg gje deg att for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»
27 Då Ahasja, kongen i Juda, såg dette, flykta han i retning Bet-ha-Gan. Men Jehu følgde etter han og ropa: «Han òg!» Og dei slo han ned medan han sat i vogna si, i Gur-passet ved Jibleam. Han flykta til Megiddo, og der døydde han.
28 Kongens menn køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav hos fedrane hans i Davidsbyen.
29 Ahasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret til Joram, son til Ahab.
30 No kom Jehu til Jisreel. Då Jesabel høyrde det, sminka ho auga, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauget.