3 Ta oljekrukka, slå olje over hovudet hans og sei: Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel. Så skal du opna døra og koma deg unna så fort du kan.»
4 Profetlæresveinen, som berre var ein unggut, drog av stad til Ramot i Gilead.
5 Då han kom dit, såg han hærførarane sitja saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar», sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar», svara han.
6 Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profetlæresveinen slo olje over hovudet hans og sa til han: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over Herrens folk, over Israel.
7 Du skal gjera ende på huset til herren din, Ahab. Eg vil ta hemn over Jesabel for drapet på profetane, tenarane mine, alle Herrens tenarar som leid døden.
8 Heile Ahabs hus skal gå til grunne. Eg vil rydda ut alle mannfolk, både fange og fri, av Ahabs hus i Israel.
9 Eg vil gjera med Ahabs hus som eg gjorde med huset til Jeroboam, son til Nebat, og med huset til Basja, son til Ahia.