34 Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna gravlagd! Ho var då ei kongsdotter.»
35 Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.
36 Dei vende attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisreels mark skal hundane eta opp kjøtet av Jesabel.
37 Liket hennar skal liggja som gjødsel på jorda i Jisreel, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.»