3 Så drog Salomo og heile forsamlinga med han til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds teltheilagdom, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i ørkenen.
4 Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til for henne. For David hadde reist eit telt for henne i Jerusalem.
5 Bronsealtaret som Besalel, son til Uri, son til Hur, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og forsamlinga.
6 Og der, på bronsealtaret som høyrde teltheilagdomen til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.
7 Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»
8 Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.
9 Herre, min Gud, lat no ordet ditt til David, far min, bli stadfest! Du har gjort meg til konge over eit folk like talrikt som støvet på jorda.