1 Heile folket i Juda tok Ussia, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans.
2 Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine.
3 Ussia var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
4 Ussia gjorde det som rett var i Herrens auge, slik Amasja, far hans, hadde gjort.
5 Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på gudssyn. Og så lenge han søkte Herren, gav Gud han framgang.
6 Ussia drog ut og gjekk til krig mot filistrane. Han reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar ved Asjdod og andre stader hos filistrane.
7 Gud hjelpte han mot filistrane, mot dei arabarane som budde i Gur-Baal, og mot me'unittane.
8 Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han hadde vorte svært mektig.
9 Ussia bygde tårn i Jerusalem, på Hjørneporten og Dalporten og på murvinkelen. Slik gjorde han desse stadene sterke.
10 I ørkenen bygde han òg tårn og hogg ut mange brønnar, for han hadde stor buskap både i låglandet og på høgsletta. Dessutan hadde han bønder og vindyrkarar i fjella og i hagane; for han hadde hjarte for jorda.
11 Ussia hadde ein stridsfør hær, som drog ut i krig i avdelingar som var mønstra og talde av skrivaren Je'uel og tilsynsmannen Maaseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.
12 Dei djerve krigarane som var leiarar for familiar, var 2600 i talet.
13 Under dei stod det ein hær på 307 500 mann. Med kraft og styrke hjelpte dei kongen i krig mot fienden.
14 Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.
15 I Jerusalem fekk han utvikla nye og sinnrike krigsmaskinar. Dei skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Slik vart namnet til kongen kjent vide ikring, for han fekk hjelp på underfullt vis så han fekk stor makt.
16 Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmod. Han var trulaus mot Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens tempel og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.
17 Men presten Asarja gjekk inn etter han saman med Herrens prestar, åtti modige menn.
18 Dei stilte seg i vegen for kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Aron-sønene som er helga til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hos Herren din Gud.»
19 Då vart Ussia sint der han stod med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men då han vart sint på prestane, braut det ut hudsjukdom på panna hans. Dette hende framfor prestane attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.
20 Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde ein hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort derifrå med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, for Herren hadde rørt ved han.
21 Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Han måtte bu i eit hus for seg sjølv fordi han var ramma av hudsjukdom, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, styrte kongeborga og folket i landet.
22 Det som elles er å seia om Ussia, frå først til sist, har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp.
23 Ussia gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd ute på gravstaden til kongane. For dei sa: «Han var ramma av hudsjukdom.» Jotam, son hans, vart konge etter han.