4 Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til for henne. For David hadde reist eit telt for henne i Jerusalem.
5 Bronsealtaret som Besalel, son til Uri, son til Hur, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og forsamlinga.
6 Og der, på bronsealtaret som høyrde teltheilagdomen til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.
7 Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»
8 Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.
9 Herre, min Gud, lat no ordet ditt til David, far min, bli stadfest! Du har gjort meg til konge over eit folk like talrikt som støvet på jorda.
10 Gjev meg no visdom og vit så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»