8 Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.
9 Herre, min Gud, lat no ordet ditt til David, far min, bli stadfest! Du har gjort meg til konge over eit folk like talrikt som støvet på jorda.
10 Gjev meg no visdom og vit så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»
11 Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjartet, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære, ikkje om død over fiendane dine eller om eit langt liv, men bad om visdom og forstand så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,
12 så skal du få visdom og vit. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, formue og ære som ingen av kongane før deg har hatt og ingen etter deg kjem til å få.»
13 Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå teltheilagdomen og heim til Jerusalem. Og han styrte som konge i Israel.
14 Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem.