16 Då kongen ikkje ville høyra på dei, gav heile Israel han dette svaret:«Kva for del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, for ditt eige hus!»Så fór alle israelittane heim att.
17 Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i byane i Juda.
18 Kong Rehabeam sende Hadoram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem.
19 Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.