1 Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han Judas og Benjamins hus, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam.
2 Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja:
3 «Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:
4 Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og gjekk ikkje mot Jeroboam.
5 Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde ut nokre byar i Juda til festningsbyar.
6 Såleis bygde han Betlehem, Etam og Tekoa,