11 Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar og gav dei lager med mat, olje og vin.
12 Kvar einskild by utstyrte han med skjold og spyd. Slik gjorde han dei svært sterke. Juda og Benjamin høyrde han til.
13 Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle kantar av landet og steig fram for Rehabeam.
14 Levittane forlét beitemark og eigedom og drog til Juda og Jerusalem fordi Jeroboam og sønene hans hindra dei i å gjera presteteneste for Herren.
15 Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.
16 Med prestane og levittane følgde alle dei som hadde lagt seg på hjartet å søkja Israels Gud. Frå alle Israel-stammane kom dei til Jerusalem for å ofra til Herren, sine fedrars Gud.
17 Dei styrkte kongedømet i Juda og sikra makta for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For i tre år følgde dei vegane til David og Salomo.