5 Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde ut nokre byar i Juda til festningsbyar.
6 Såleis bygde han Betlehem, Etam og Tekoa,
7 Bet-Sur, Soko og Adullam,
8 Gat, Maresja og Sif,
9 Adorajim, Lakisj og Aseka,
10 Sora, Ajjalon og Hebron. Desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.
11 Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar og gav dei lager med mat, olje og vin.