1 Då kongedømet til Rehabeam var sikra og makta hans hadde vorte sterk, forlét han Herrens lov, og heile Israel med han.
2 I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem; for folket der hadde vore trulaust mot Herren.
3 Han kom med tolv hundre vogner og seksti tusen ryttarar og ein tallaus hær som følgde han frå Egypt: libyarar, sukkittar og kusjittar.
4 Han tok festningsbyane i Juda og kom heilt til Jerusalem.