11 Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.
12 Fordi Rehabeam audmjuka seg, vende Herrens vreide seg frå han. Han ville ikkje heilt gjera ende på han. Det fanst då endå noko godt i Juda.
13 Kong Rehabeam styrkte stillinga si i Jerusalem og heldt fram som konge. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og sytten år styrte han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut mellom alle Israel-stammane og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.
14 Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje sitt hjarte i å søkja Herren.
15 Det som er å seia om Rehabeam, frå først til sist, det står skrive i krønikene til profeten Sjemaja og sjåaren Iddo, saman med slektsregisteret hans. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det krig heile tida.
16 Så gjekk Rehabeam til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Davidsbyen, og Abia, son hans, vart konge etter han.