1 I det attande styringsåret til Jeroboam vart Abia konge i Juda.
2 Han regjerte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Mikaja og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det krig.
3 Abia byrja krigen med ein hær av djerve krigarar, fire hundre tusen utvalde menn. Men Jeroboam stilte opp ein hær mot han på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve krigarar dei òg.
4 Abia steig fram på Semarajim-fjellet i Efraims fjelland og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!