12 Sjå, Gud er med oss, han går i spissen, og prestane hans blæs i trompetane og gjev krigssignalet mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For de kjem ikkje til å lukkast.
13 Imedan hadde Jeroboam late ein styrke gå rundt for å falla judearane i ryggen. Slik fekk judearane hæren framfor seg og bakhaldsstyrken i ryggen.
14 Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei var utsette for åtak både framanfrå og bakanfrå, ropa dei til Herren, medan prestane bles i trompetane.
15 Så sette judearane i krigsropet. Då judearane ropa, lét Gud Jeroboam og heile Israel lida nederlag for Abia og judearane.
16 Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei over i deira hender.
17 Abia og hærfolket hans gav dei eit stort nederlag. Av Israels utvalde menn var det fem hundre tusen falne.
18 Slik vart israelittane audmjuka den gongen. Judearane var dei sterkaste, for dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.