18 Slik vart israelittane audmjuka den gongen. Judearane var dei sterkaste, for dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.
19 Abia forfølgde Jeroboam og tok nokre av byane hans: Betel med landsbyane som høyrde til, Jesjana med landsbyar og Efron med landsbyar.
20 Jeroboam kom ikkje til makta att så lenge Abia levde. Og Herren slo han så han døydde.
21 Men Abia styrkte makta si. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer.
22 Det som elles er å seia om Abia og alt han sa og gjorde, står skrive i kommentarane til profeten Iddo.