3 Abia byrja krigen med ein hær av djerve krigarar, fire hundre tusen utvalde menn. Men Jeroboam stilte opp ein hær mot han på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve krigarar dei òg.
4 Abia steig fram på Semarajim-fjellet i Efraims fjelland og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!
5 De veit då at Herren, Israels Gud, gav kongsmakta over Israel til David og etterkomarane hans til evig tid gjennom ei saltpakt.
6 Men Jeroboam, son til Nebat, som stod i teneste hos Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin og gjorde opprør.
7 Simple og vondsinna menn samla seg om han. Dei sette seg opp mot Rehabeam, son til Salomo. Og Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå imot dei.
8 Og no tenkjer de at de kan stå imot Herrens kongsmakt, som er i hendene på etterkomarane til David, fordi de er så mange og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk.
9 Men de har drive bort Herrens prestar, Aron-sønene, og levittane, og de har sett inn eigne prestar, slik som folka i landa omkring. Kvar den som kjem med ein ung okse og sju vêrar og vil få prestevigsle, han blir prest for desse ikkje-gudane.