4 Abia steig fram på Semarajim-fjellet i Efraims fjelland og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!
5 De veit då at Herren, Israels Gud, gav kongsmakta over Israel til David og etterkomarane hans til evig tid gjennom ei saltpakt.
6 Men Jeroboam, son til Nebat, som stod i teneste hos Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin og gjorde opprør.
7 Simple og vondsinna menn samla seg om han. Dei sette seg opp mot Rehabeam, son til Salomo. Og Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå imot dei.
8 Og no tenkjer de at de kan stå imot Herrens kongsmakt, som er i hendene på etterkomarane til David, fordi de er så mange og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk.
9 Men de har drive bort Herrens prestar, Aron-sønene, og levittane, og de har sett inn eigne prestar, slik som folka i landa omkring. Kvar den som kjem med ein ung okse og sju vêrar og vil få prestevigsle, han blir prest for desse ikkje-gudane.
10 Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje forlate han. Dei prestane som tener Herren, er etterkomarar av Aron, og levittane gjer si teneste.