1 Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet ro i ti år.
2 Asa gjorde det som godt og rett var i auga til Herren hans Gud.
3 Han fjerna altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane.
4 Han sa til judearane at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda.
5 Frå alle byane i Juda fjerna han offerhaugane og røykjelsesaltara. Og kongeriket hadde ro under han.
6 Asa bygde festningsbyar i Juda, for landet hadde ro. Ingen gjekk til krig mot han i desse åra, for Herren gav han fred.
7 Asa sa til judearane: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar rundt dei, med tårn og portar og bommar, medan landet enno ligg fritt framfor oss. For vi har søkt Herren vår Gud. Vi søkte han, og han gav oss fred på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt.