10 drog Asa ut mot han. Dei stilte seg opp til kamp i Sefata-dalen nær Maresja.
11 Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. Herre, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»
12 Då lét Herren kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde.
13 Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av Herren og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte.
14 Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra.
15 Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.