11 Den dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det byttet dei hadde teke med seg.
12 Og dei gjorde ei pakt om at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarte og av heile si sjel.
13 Og alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, gammal som ung, mann som kvinne.
14 Med høg røyst svor dei til Herren under jubelrop, til lyden av trompetar og bukkehorn.
15 Heile Juda gledde seg over eiden, for dei hadde svore han av heile sitt hjarte. Dei hadde søkt Herren av all god vilje, og han lét seg finna. Herren gav dei fred på alle kantar.
16 Kong Asa tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Han hogg biletet sund, knuste det og brende det i Kedron-dalen.
17 Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel var Asa heilhjarta så lenge han levde.