2 Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk om de er med han. Søkjer de han, lèt han seg finna; men forlèt de han, forlèt han dykk.
3 I lang tid var Israel utan den sanne Gud, utan prestar til å undervisa dei og utan lov.
4 Men i si trengsle vende dei om til Herren, Israels Gud. Dei søkte han, og han lét seg finna.
5 På den tida var det ikkje trygt, korkje for den som drog ut eller for den som kom heim. For det var stor uro mellom folk i alle land.
6 Folkeslag vart knust mot folkeslag og by mot by; for Gud uroa dei med allslags trengsler.
7 Men ver sterke og lat ikkje hendene siga! De skal få løn for det de gjer.»
8 Då Asa høyrde desse orda, den profetien som Oded-profeten hadde bore fram, gjorde han seg sterk og fekk fjerna alle dei motbydelege gudane frå heile Juda og Benjamin og frå dei byane han hadde teke i Efraims fjelland. Og han vigsla på nytt Herrens altar, det som stod framfor forhallen i Herrens hus.