1 I det trettisjette styringsåret til Asa drog Israels-kongen Basja opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.
2 Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga. Han sende det til Ben-Hadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda:
3 «Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»
4 Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan, Abel-Majim og alle forrådsbyane i Naftali.
5 Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han stansa arbeidet.