3 «Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»
4 Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan, Abel-Majim og alle forrådsbyane i Naftali.
5 Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han stansa arbeidet.
6 Då tok kong Asa med seg heile folket i Juda, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde brukt då han bygde i Rama. Av dette reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa.
7 På den tida kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, har hæren til aramearkongen sloppe ut av hendene dine.
8 Kusjittane og libyarane hadde òg ein veldig hær med stridsvogner og ryttarar. Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei over i dine hender.
9 For Herrens auge fer over heile jorda, så han kan styrkja dei som heilhjarta held seg til han. Denne gongen har du bore deg uvitug åt; frå no av skal du støtt ha krig.»