7 På den tida kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, har hæren til aramearkongen sloppe ut av hendene dine.
8 Kusjittane og libyarane hadde òg ein veldig hær med stridsvogner og ryttarar. Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei over i dine hender.
9 For Herrens auge fer over heile jorda, så han kan styrkja dei som heilhjarta held seg til han. Denne gongen har du bore deg uvitug åt; frå no av skal du støtt ha krig.»
10 Då vart Asa sint på sjåaren og sette han i arrest; så arg var han på han for dette. På den tida fór han òg hardt fram mot andre av folket.
11 Det som er å seia om Asa frå først til sist, står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.
12 I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre legane.
13 Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine. Han døydde i det førtiførste styringsåret sitt.