1 Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han styrkte stillinga mot Israel.
2 Han la troppar i alle festningsbyane i Juda, og han sette vaktpostar rundt om i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.
3 Herren var med Josjafat, for han følgde dei vegane som David, stamfar hans, før hadde følgt. Han søkte ikkje Baal-gudane,
4 men Gud til far sin. Han heldt boda hans og levde ikkje slik som dei gjorde i Israel.
5 Difor tryggja Herren kongsmakta i hans hand, og heile Juda kom med gåver til Josjafat, så han fekk stor rikdom og ære.
6 Med frimodig hjarte følgde han Herrens vegar, og han fjerna òg offerhaugane og Asjera-pålane frå Juda.