11 Nokre av filistrane kom til Josjafat med gåver og med sølv som avgift. Arabarane òg kom til han med småfe, sju tusen sju hundre vêrar og sju tusen sju hundre bukkar.
12 Slik fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og forrådsbyar i Juda.
13 Han hadde store arbeid i gang i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.
14 Slik var dei mønstra, slekt for slekt: Førarane for tusen i Juda var: Adna, som var førar for 300 000 djerve krigarar;
15 jamsides han Johanan, som var førar for 280 000;
16 og jamsides han Amasja, son til Sikri, som frivillig hadde gått i Herrens teneste, og saman med han 200 000 djerve krigarar.
17 Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, og saman med han 200 000 mann som var væpna med boge og skjold,