4 men Gud til far sin. Han heldt boda hans og levde ikkje slik som dei gjorde i Israel.
5 Difor tryggja Herren kongsmakta i hans hand, og heile Juda kom med gåver til Josjafat, så han fekk stor rikdom og ære.
6 Med frimodig hjarte følgde han Herrens vegar, og han fjerna òg offerhaugane og Asjera-pålane frå Juda.
7 I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av stormennene sine ut for å undervisa folket i Juda-byane. Det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.
8 Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja, levittar alle saman, dessutan prestane Elisjama og Joram.
9 Når dei underviste i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Dei drog omkring i alle Juda-byane og underviste folket.
10 Ei redsle for Herren var komen over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje gjekk til krig mot Josjafat.