13 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det min Gud seier, må eg tala.»
14 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal de ha lukka med dykk! Dei skal gjevast i dykkar hender.»
15 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»
16 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»
17 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
18 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod på høgre og venstre sida hans.
19 Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab, Israels-kongen, så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.