21 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»
22 Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.
23 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»
24 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
25 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
26 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
27 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»