26 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
27 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
28 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.
29 Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut, og dei drog ut i krigen.
30 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»
31 Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så omringa dei han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt, og Herren hjelpte han. Gud lokka dei bort frå han.
32 Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.