29 Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut, og dei drog ut i krigen.
30 Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»
31 Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så omringa dei han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt, og Herren hjelpte han. Gud lokka dei bort frå han.
32 Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
33 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»
34 Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt Israels-kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane til kvelden kom. Men då sola gjekk ned, døydde han.