3 «Vil du gå med meg mot Ramot i Gilead?» sa Ahab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Og han svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk. Vi går med deg i krigen.»
4 Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!»
5 Då samla Israels-kongen profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Gud vil gje byen i kongens hender.»
6 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»
7 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, men alltid vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
8 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
9 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.