6 Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»
7 Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, men alltid vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
8 Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
9 Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
10 Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»
11 Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
12 Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr! Profetane seier med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no ditt ord vera som deira og spå godt, du òg!»