1 Josjafat, Juda-kongen, vende uskadd heim att til Jerusalem.
2 Då steig sjåaren Jehu, son til Hanani, fram for kong Josjafat og sa: «Korleis kan du hjelpa den urettferdige og elska dei som hatar Herren? Det er difor Herrens vreide har kome over deg.
3 Men noko godt finst det hos deg. Du har fjerna Asjera-pålane frå landet og lagt heile ditt hjarte i å søkja Gud.»
4 Josjafat budde no i Jerusalem. Derifrå drog han ut mellom folket frå Beer-Sjeba til Efraims fjelland. Han fekk dei til å venda attende til Herren, deira fedrars Gud.