2 Han skreiv ut 70 000 mann til berarar, 80 000 mann til steinhoggarar i fjellet og 3600 mann til å ha tilsyn med dei.
3 Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyros, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre så han kunne byggja seg eit hus til å bu i.
4 No vil eg byggja eit hus for namnet til Herren min Gud og helga det til han. Der skal vi brenna velluktande røykjelse for hans andlet, og det skal alltid liggja skodebrød framme. Brennoffer skal vi bera fram morgon og kveld på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene for Herren vår Gud. I alle tider skal dette gjelda for Israel.
5 Det huset eg vil byggja, skal vera stort, for vår Gud er større enn alle gudar.
6 Men kven maktar vel byggja eit hus for han når himmelen og himlars himmel ikkje kan rømma han? Og kven er vel eg? Kan eg byggja eit hus for han, anna enn for å tenna offereld for hans andlet?
7 Send meg no ein mann som er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, purpurraudt, karmosinraudt og purpurblått stoff, ein som òg er kunnig i gravering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, førebudde til dette.
8 Og send meg sedertre, sypressar og sandeltre frå Libanon! Eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre i Libanon. Og mine folk skal arbeida saman med dine.