6 Men kven maktar vel byggja eit hus for han når himmelen og himlars himmel ikkje kan rømma han? Og kven er vel eg? Kan eg byggja eit hus for han, anna enn for å tenna offereld for hans andlet?
7 Send meg no ein mann som er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, purpurraudt, karmosinraudt og purpurblått stoff, ein som òg er kunnig i gravering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, førebudde til dette.
8 Og send meg sedertre, sypressar og sandeltre frå Libanon! Eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre i Libanon. Og mine folk skal arbeida saman med dine.
9 Dei må skaffa meg mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal bli stort og flott.
10 Tømmerhoggarane, tenarane dine som feller trea, skal eg gje tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 Hiram, kongen i Tyros, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Fordi Herren elskar folket sitt, har han sett deg til konge over det.»
12 Og Hiram heldt fram: «Velsigna er Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda. Han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og slik forstand at han kan byggja eit hus for Herren og ein kongebustad til seg sjølv.