8 Og send meg sedertre, sypressar og sandeltre frå Libanon! Eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre i Libanon. Og mine folk skal arbeida saman med dine.
9 Dei må skaffa meg mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal bli stort og flott.
10 Tømmerhoggarane, tenarane dine som feller trea, skal eg gje tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 Hiram, kongen i Tyros, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Fordi Herren elskar folket sitt, har han sett deg til konge over det.»
12 Og Hiram heldt fram: «Velsigna er Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda. Han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og slik forstand at han kan byggja eit hus for Herren og ein kongebustad til seg sjølv.
13 No sender eg deg ein klok og kunnig mann, Hiram, meisteren min.
14 Han er son til ei kvinne blant Dans døtrer, men far hans er frå Tyros. Han er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, med purpurraudt og purpurblått, kvitt og karmosinraudt stoff. Han er òg kunnig i all slags gravering, og han kan tenkja ut og laga alt han blir sett til. Han skal arbeida saman med dei kunnige mennene dine og dei kunnige mennene som var hos herren min, David, far din.