1 Ei tid etter hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del me'unittar gjekk til krig mot Josjafat.
2 Det kom nokon og sa til Josjafat: «Det kjem ein stor styrke mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi.
3 Då vart Josjafat redd, og han vende seg til Herren for å spørja han til råds. Så ropa han ut ei faste over heile Juda.
4 Judearane samla seg og ville spørja Herren til råds. Frå alle Juda-byane kom dei for å be Herren om råd.
5 Josjafat steig fram i forsamlinga av folk frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,