10 Sjå no på ammonittane, moabittaneog folket frå fjellandet Se'ir!Du lét ikkje israelittane trengja inn mellom deiden gongen dei kom frå Egypt;dei bøygde av og utrydda dei ikkje.
11 Men sjå korleis dei løner oss!No kjem dei og vil driva oss bortfrå din eigedom, den du gav oss til eige.
12 Vår Gud, du skal dømma dei.For vi er maktlause mot denne store styrkensom kjem mot oss.Vi veit ikkje kva vi skal gjera;men auga våre er vende mot deg.
13 Alle judearane stod der for Herrens andlet med familiane sine, kvinnene og borna.
14 Midt i forsamlinga kom Herrens ande over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je'iel, son til Mattanja, som var av Asaf-slekta.
15 Han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du, kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ver ikkje redde og mist ikkje motet av denne store styrken; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.
16 Far ned mot dei i morgon når dei er på veg oppover Sis-bakken. De kjem til å møta dei ved enden av kløfta ut mot Jeruel-ørkenen.