13 Alle judearane stod der for Herrens andlet med familiane sine, kvinnene og borna.
14 Midt i forsamlinga kom Herrens ande over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je'iel, son til Mattanja, som var av Asaf-slekta.
15 Han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du, kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ver ikkje redde og mist ikkje motet av denne store styrken; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.
16 Far ned mot dei i morgon når dei er på veg oppover Sis-bakken. De kjem til å møta dei ved enden av kløfta ut mot Jeruel-ørkenen.
17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stilla dykk opp og bli ståande, så skal de sjå korleis Herren frelser dykk, Juda og Jerusalem. Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»
18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og heile Juda og alle som budde i Jerusalem, fall ned for Herren og tilbad han.
19 Dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med høg og kraftig røyst.