16 Far ned mot dei i morgon når dei er på veg oppover Sis-bakken. De kjem til å møta dei ved enden av kløfta ut mot Jeruel-ørkenen.
17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stilla dykk opp og bli ståande, så skal de sjå korleis Herren frelser dykk, Juda og Jerusalem. Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»
18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og heile Juda og alle som budde i Jerusalem, fall ned for Herren og tilbad han.
19 Dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med høg og kraftig røyst.
20 Tidleg neste morgon braut dei opp og drog ut til Tekoa-ørkenen. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de judearar og de som bur i Jerusalem! Ver tru mot Herren dykkar Gud, så skal de stå støtt! Ver tru mot profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»
21 Då han hadde samrådd seg med folket, valde han ut songarar som skulle lovsyngja Herren i heilag prakt. Dei drog ut i spissen for krigarane medan dei song: «Pris Herren, evig varer hans miskunn!»
22 Så snart dei sette i med jubelrop og lovsong, lét Herren ammonittane, moabittane og folket frå Se'ir-fjella, dei som rykte fram mot Juda, falla i bakhald. Slik vart dei slegne.