26 Fjerde dagen samla dei seg i Beraka-dalen, for der velsigna dei Herren. Difor kalla dei denne staden Beraka-dalen, og det heiter han den dag i dag.
27 Så vende dei attende, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat i spissen, og glade kom dei tilbake til Jerusalem, for Herren hadde gjeve dei grunn til å gleda seg over fiendane.
28 Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.
29 Det kom redsle for Gud over alle land og rike då dei høyrde at Herren hadde kjempa mot Israels fiendar.
30 No var det ro i Josjafats rike; for hans Gud lét han få fred på alle kantar.
31 Såleis rådde Josjafat i Juda. Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.
32 Josjafat følgde den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.