3 Då vart Josjafat redd, og han vende seg til Herren for å spørja han til råds. Så ropa han ut ei faste over heile Juda.
4 Judearane samla seg og ville spørja Herren til råds. Frå alle Juda-byane kom dei for å be Herren om råd.
5 Josjafat steig fram i forsamlinga av folk frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,
6 og sa: Herre, våre fedrars Gud!Det er du som er Gud i himmelen,og som rår over alle kongerika til folkeslaga!I di hand er makt og velde,og ingen kan stå seg mot deg.
7 Du, vår Gud,dreiv ut dei som budde i dette landetfor Israel, folket ditt,og du gav ætta til Abraham, venen din, landet for alltid.
8 Der busette dei seg,og der bygde dei ein heilagdom for namnet ditt og sa:
9 «Om noko vondt kjem over oss,sverd, straff, pest eller svolt,då vil vi gå fram for dette huset,for ditt andlet;for i dette huset bur namnet ditt.Vi vil ropa til deg i vår naud,og du vil høyra og frelsa.»